8.8.05

FM og AM

  • Hva er egentlig forskjellen på AM- og FM-båndet på radio?


M = amplitudemodulert, FM = frekvensmodulert. Medan ein på AM-bandet "kodar signala" ved å endre styrken på radiosignalet veldig mange gongar i sekundet, vil ein med FM-bandet "kode signala" ved å endre frekvensen til signalet veldig mange gongar i sekundet. Altså om du brøler "AAAAA" og endrar lydstyrken, men ikkje tonen, kan ein på ein måte seie at du "amplitudemodulerer" brølet ditt. For å "frekvensmodulere" eit brøl kan du halde volumet konstant og endre toneleiet. Eg har prøvd begge, det er litt vanskeleg.

(kilde: johan)